Feeds:
Innlegg
kommentarar
Frocke190_1429617m

Gratulera med dagen lillebror!

Gode vener

Foto 070Og ei herlig helg på Austlandet.

Livet er fint!

men fytti så masse papirarbeid som må ordast før utvekslingsdraumen går i boks. Eg merkar at eg ikkje er så glad i papirarbeid….hm…og så skal eg verte lerar… Jaja, den ti, den sorg! Elles nyt eg livet og “studieveka” (Ja, denne gongen set eg det i hermeteikn, det har ikkje vorte mykje studering nei) ! Godt med eit avbrekk frå byens travle rytme til det avslappande livet på landet.  Men i måro vender eg nasa mot Bergen att. Merker eg gler meg litt til det og.

the-boat-that-rocked

Underhaldande britisk film om radio og rock & roll på 60-talet. Mange gode skodespelarar og musikk som får det til å rykke i dansefoten! Anbefales!

“If you don`t know where you`re going/ any road will take you there”

(George Harris)

Heimlengt

Livet i byen er vel og bra, men av og til merker eg at eg trivs best på eit forblåst svaberg enn i ei laurdagstravel handlegate.

No er det endeleg helg! Endeleg,  seier eg, som berre har vore student i knappe 3 veker.  Burde vel ikkje vere sliten allereie no? Sliten er eg ikkje, men det er den herlege fredagskjensla som snik seg over meg….når ein drikk te, les avisa og tenkjer på kva i all verda ein skal gå med på kvelden. Ja, for ein tenkjer jo på det. Ikveld skal eg på vin & Risk – kveld hjå ei i klassen (Risk, som i brettspelet der ein ska ta kontroll over mest mogeleg av verda). Me diskuterte i det vide og det breie, men neimen om me knakk kleskoden på ein slik kveld. Så det tenkjer eg litt på. Men elles er jo helga det lufteholet i veka der ein kan gjere andre ting enn berre skule, og til deg som lurar på nett kva du skal fylle denne helga med har eg eit forslag.

Syns du dette var eit fint bilete?

"Zwei Schwestern" av Otto Müller

"Zwei Schwestern" av Otto Müller

eller frista dette meir?

Koh Samet, Thailand

Koh Samet, Thailand

Då har du to val:

Om du likte det fyrste best, gå på “Die Brücke” -utstillinga på Bergen Kunstmuseum. For 40 kr. kan du sjå masse flott tysk/fransk ekspressionistisk kunst med sterke fargar og skarpe linjer. Anbefales for studentar!

Om du likte det andre bilete betre, kjøp deg ein billett til Bangkok, ta Skytrain til Ekkamai og sett deg på bussen til Koh Samet. Anbefales for dei med pengar! og reiselyst! Det er verdas finaste øy.

No skal eg ta på meg kveldens antrekk, medan eg drøymer meg vekk til varmare strok….ha ei fin helg!

WHITE LIES

WHITE LIES

Dette fantastiske bandet spelte i Bergen tysdag.  Ei utruleg flott konsertoppleving! Sjarmerande vokalist, frekke trommer..kva meir treng ein?

Eldre innlegg »